GÅSVÆR

Historie

Leilegheiter

Bilder

Natur

Kart

Kontakt

Linkar

Båter

Fiskerinæring

 

 

NATUREN

På Gåsvær finn du eit rikt fugle-og planteliv.Dei fleste av øyane som høyrer til eigedomen er freda som sjøfugl-reservat,men ikkje hovudøya Gåsvær.

Du kan dagleg sjå havørn i området,og ellers dei vanlege sjøfuglartane. Grågåsa hekkar her i aukande antal,og på hausten kan du oppleve trekkfugl av kvitkinngås i store mengder i månadsskiftet september/oktober.Her er og oppservert Tundragås og Ringgås. Oter kan du møte om du går ein tur på øya,eller tek båt langs land. 

Den sjeldne planta Blåstjerne (Scilla verna) er registrert med ein rik førekomst på Gåsvær.

Denne arten har avgrensa utbreiing i Noreg, Den veks helst på vestvendte hellingar på innmarka,og blomstrar frå tidleg i Juni til rundt 20 Juni. Ei kontinuerleg drift på garden med beitedyr er ei medverkande årsak til den rike førekomsten av Blåstjerne.

Drifta på garden består av sauehald.I det milde klimaet på kysten her kan sauene gå ute store delar av året.I sommarhalvåret vert ein del av sauene flytta med båt ut på dei mindre øyane for å beite der. På øyane som er omfatta av sjøfuglreservat er der forbod mot å gå på land i hekketida,men grunneigar har dispensasjon frå dette for å føre tilsyn med sauene.Sjøfuglen som hekkar på øyane gjev eit ekstra godt og næringsrikt beite til dyra.

Vinteren på Gåsvær kan vere svært varierande.Om her er snø kjem den gjerne i Februar,som normalt er den kaldaste månaden.På grunn av øya sin beliggenheit ute i havet,er her gjerne fleire grader varmare enn inne på fastlandet om vinteren.Om du har eit ynskje om å oppleve ein storm på nært hald kan det la seg ordne her.Uvær og stor havsjø kan vere fasinerande å oppleve.