GÅSVÆR

Historie

Leilegheiter

Bilder

Natur

Kart

Kontakt

Linkar

Båter

Fiskerinæring

 

 

GÅSVÆR I FORTID

På Gåsvær har det vore fastbuande frå 1750,før den tid har øya tilhøyrt Munkeliv kloster i

 mellomalderen. I den tid blei det hausta selspekk,dun,oterskinn og gås (der navnet kjem ifrå)

I 1757 var her bygd opp ”bekveme huse”,truleg av ein familie frå Bergen som hadde fått

 

handelsprivilegium. Det eldste huset som står her i dag er frå den tid,eller truleg eldre,då det har vore

 

 flytta her til og bygd opp på nytt.

Den Bergenske kjøpmannen Lexau dreiv handel og gjestgiveri med skjenkestove her frå 1760.(han

eigde og øyane Utvær og Husøy). I den tid var det pålagt å selje øl og brennevin til folket om man

dreiv gjestgiveri.Ølet måtte dei brygge sjølve,medan brennevin var handelsstaden Bergen sin

 rettigheit.Frå den tid har vi berre att navnet på staden der stova stod-”skjenkestaumyra”.

Mange gjestgiveri blei lagt ned rundt 1840,etter ei ny lov som ga vanlege folk

lov til å starte opp med handel dersom dei fann det tenlegt. Øyane som ikkje lenger var så

attraktive for handel blei solgt til private.Familien til noverande eigarar kom hertil i 1830.

Eigedomen var sett på som verdfull i eldre tid. Det første laksefisket starta opp i slutten

av 1880 åra. I det året den store sjøbua her blei bygd (1904),blei det fiska 6000 kg. laks til ein

kilopris på 2 kr. Det var rekna for hovudfiske på den tid.

Hummerfiske var og ei av hovudinntektene i eldre tid –den blei eksportert til England.

Gåsvær var eit av dei rikaste dunværa i fylket. På dei Heibergske Samlingar i Sogn kan du finna ei

”dunharpe”- ein reidskap for dunrensing som kjem frå Gåsvær.

På garden hadde dei på det meste 7 kyr og i tillegg sauer,gris, høns og hest.Smør var mest verdfullt å

produsere,og blei solgt til Bergen.

Ein del av det gamle bustadhuset på garden er bygd opp rundt kahytta av ei seglskute,som stranda

her på 1800-talet. Der kan vi innvendig sjå dei tjukke,bogne takbjelkane og spesielle taklister.

Alle dei gamle husa er bygde samla nede ved sjøen,og utgjer eit unikt sjøhusmiljø. Mange

gamle ting og redskaper er tekne vare på og du kan sjå dei på Gåsvær.

 

GÅSVÆR IN THE PAST

The island has been populated since 1750,before that it belonged to a monastery in Bergen.

Produkts from the island they used in earlyer times was seal blubber,eider down, otter skin and

goose -which have given the name to the island.

A wealthy storekeeper from Bergen with the name Lexau lived here from 1760. He was running a

guest-house and did trading towards the sailing-ships.

The island was sold in 1830, to the family which the relatives still own the island.

Catching lobster and salmon gave important income around 1900. The year 1904 they catched 6000 kg.

salmon, and got 2 NOK each kg.The lobster was eksported to England.

On the farm they had  7 cows and some sheeps, pigs, hens and a horse. Making butter of the milk

gave the best sourse of income, and it was sold to Bergen.

A part of the old living-house have a room which is build up from a part of a sailing-ship,

that be wrecked outside Gåsvær sometime around year 1800.